Christopher er eit mannsnamn som kjem av det greske Christo-phoros med tydinga ‘Kristus-berar’.
Namnet har fleire variantar: Christofer, Christoffer, Christopher, Cristoffer, Cristopher, Kristofer, Kristoffer, Kristopher.
Kjende personar med namnet Christopher
Eit utval personar med namnet Christopher, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Christopher Marlowe (1564–1593)
- Christopher Hansteen (norsk fysiker og astronom) (1784–1873)
- Christopher Arnt Bruun (1839–1920)
- Christopher Hornsrud (1859–1960)
- Christopher Isherwood (1904–1986)
- Christopher Lee (1922–2015)
- Christopher Hitchens (1949–2011)
- Christopher Reeve (1952–2004)
- Olav Christopher Jenssen (1954)
- Christopher Nielsen (1963)
- Christopher Paul O’Neill (1974)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 049 menn i Noreg som hadde Christopher som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kristoffer, Christoffer og Christopher slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar, til dømes Kristoffer og variantar. Dette gjeld dessutan namn som Adrian, Fabian, Julian, Leander, Marius, Nikolai og Teodor. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000. I 1991 og 1993 låg Kristoffer (medrekna variantar) som nummer 2 på ranglista for gutenamn.