Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 28. mai 2024. Artikkelen endret 63 tegn fra forrige versjon.

Adelsten er eit mannsnamn som ser norsk ut, men det har engelsk opphav: Adel-sten. Forleddet tyder ‘edel (av slekt)’ og etterleddet ‘stein’.

Eit utval personar med namnet Adelsten, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Adelsten som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Adelsten i perioden 1900–2017, var det 88 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Adelsten. Dette inneber at 12 prosent hadde Adelsten som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.