Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 28. mai 2024. Artikkelen endret 63 tegn fra forrige versjon.

Frederik er eit mannsnamn som går tilbake til gammalhøgtysk Frithu-ric. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘fred’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.

Forma Frederik dominerer i Danmark, Fredrik i Noreg og Sverige.

Namnet har fleire variantar: Frederic, Frederick, Frederik, Fredric, Fredrich, Fredrick, Fredrik.

Eit utval personar med namnet Frederik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 581 menn i Noreg som hadde Frederik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Frederik var mest brukt i Østfold og Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Frederich.)