Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 28. mai 2024. Artikkelen endret 61 tegn fra forrige versjon.

Hendry er eit mannsnamn. Det er ein variant av Henry som er engelsk form av det tyske Heinrich.

Hendry har – til liks med Hendrik – får innskottskonsonanten [d] inne i konsonantgruppa [nr].

Namnet har fleire variantar: Hendry, Henri, Henry.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Hendry som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Hendry i perioden 1900–2017, var det 78 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Hendry. Dette inneber at 22 prosent hadde Hendry som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

  • Alhaug, Gulbrand 2014: En-d-re, Hen-d-ry og Is-t-rael – om epentetisk [d] og [t] i namn. I: Gulbrand Alhaug, Tove Bull og Aud-Kirsti Pedersen (red.): [Endre-boka – postfestumskrift til Endre Mørck]. Oslo.