Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 28. mai 2024. Artikkelen endret 61 tegn fra forrige versjon.

Matias er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Mathias som – til liks med Matheus – går tilbake til det hebraiske Mattitja som tyder ‘Guds gåve’. Dei har gått ulike utviklingsvegar frå det hebraiske utgangspunktet, og dette har resultert i to ulike former: Mathias (gresk) og Matheus (latin).

Namnet har fleire variantar: Mathias, Matias, Matthias, Mattias.

Eit utval personar med namnet Matias, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 1 503 menn i Noreg som hadde Matias som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 28 gutar som fekk namnet Matias.

Matias er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Markus, Mikael, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Sidan år 1900 har Mathias vore brukt 8,5 gongar meir enn Matias.