Moritz er eit mannsnamn som er tysk form av Maurits som kjem av det latinske Mauritius av Maurus, eit tilnamn på ein mann som kom frå Mauretania i Nord-Afrika.
Mauretania svarer til dagens Marokko.
Namnet har fleire variantar: Morits, Moritz, Morris.
Kjende personar med namnet Moritz
Eit utval personar med namnet Moritz, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Moritz (kurfyrste) (1521–1553)
- Moritz Hauptmann (1792–1868)
- Moritz Hermann von Jacobi (1801–1874)
- Moritz von Schwind (1804–1871)
- Moritz Christian Julius Thaulow (1812–1850)
- Moritz Lazarus (1824–1903)
- Moritz Kaland (1869–1947)
- Moritz Schlick (1882–1936)
- Moritz Rabinowitz (1887–1942)
- Victor Moritz Goldschmidt (1888–1947)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Moritz som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Moritz i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Moritz. Dette inneber at 39 prosent hadde Moritz som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.