Rudolf er eit mannsnamn som kjem av gammalhøgtysk Hrod-wulf. Forleddet tyder ‘ære’ og etterleddet ‘ulv’.
Namnet har fleire variantar: Rudolf, Rudolph.
Namnedag er 27. mars. Rudi har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Rudolf
Eit utval personar med namnet Rudolf, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Rudolf Keyser (1803–1864)
- Rudolf (erkehertug) (1858–1889)
- Rudolf Steiner (1861–1925)
- Rudolf Otto (1869–1937)
- Rudolf von Laban (1879–1958)
- Rudolf Bultmann (1884–1976)
- Rudolf Hess (1894–1987)
- Rudolf Höss (1900–1947)
- Rudolf Nilsen (1901–1929)
- Rudolf Nurejev (1938–1993)
Namnestatistikk
I 2022 var det 285 menn i Noreg som hadde Rudolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Rudolf og Hilmar fekk toppfasen sin i perioden 1890–1904, og dette er noko seinare enn toppfasen for dei fleste tyske namna (1860–1874).
Geografisk variasjon på 1800-talet
Rudolf var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Rudolph.)