Versj. 9
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 28. mai 2024. Artikkelen endret 61 tegn fra forrige versjon.

Sander er eit mannsnamn som er kortform av Aleksander med opphav i gresk Alex-andros der forleddet tyder ‘forsvare’ og etterleddet ‘menneske, mann’.

Namnet har fleire variantar: Sander, Xander, Zander.

Namnedag er 18. mars. Aleksander og Edvard har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Sander, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 10 064 menn i Noreg som hadde Sander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Sander var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 205 gutar som fekk namnet Sander, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Sander (av Aleksander) har til felles med nokre andre kortformer at namnet fekk toppfasen sin på 2000-talet. Andre døme på populære kortformer på denne tida er Olai og Theo (av Nikolai og Theodor).

Sander var klart mest brukt i Buskerud og Nordland.