Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 28. mai 2024. Artikkelen endret 61 tegn fra forrige versjon.

Tosten er eit mannsnamn. Det er ein variant av Torstein som går tilbake til det norrøne Þor-steinn. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘stein’.

Namnet har fleire variantar: Thorstein, Thorsten, Torstein, Torsten, Tosten.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Tosten som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Tosten var mest brukt i Hedmark, Oppland og Buskerud. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thosten.)