Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 29. desember 2023. Artikkelen endret 31 tegn fra forrige versjon.

Ørnulv kjem av det norrøne mannsnamnet Ǫrn-ulfr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘ulv’.

Namnet har fleire variantar: Ørnulf, Ørnulv.

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, kan ha vore kjemikar Ørnulv Sørvig fødd 1881 i Bergen, men i dåpsboka er han oppført som Ørnulf. Han var altså – som Ørnulf Bang – fødd i Bergen i 1881.

Eksempel på ein person med namnet Ørnulv som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Ørnulv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.