Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 29. desember 2023. Artikkelen endret 31 tegn fra forrige versjon.

Sverke er eit mannsnamn. Det er ein variant av Sverker, norrønt Sverkir, som truleg går tilbake til *Svart-geirr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘svart’ og etterleddet ‘spyd’. Dette kan opphavleg ha vore eit tilnamn, og dermed kan dette samansette namnet ha hatt meiningsfull tyding: ‘han med det svarte spydet’.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Sverke som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].[/li][li]
  • Otterbjörk, Roland 1979: Svenska förnamn. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.