Versj. 7
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 29. desember 2023. Artikkelen endret 31 tegn fra forrige versjon.

Ragnvald er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ragn-valdr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘herskar’.

Namnet har fleire variantar: Ragnvald, Rangvald, Rognald.

Namnedag er 21. august. Ragni har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Ragnvald, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 465 menn i Noreg som hadde Ragnvald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Ragnvald høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Ragnvald, som var på topp 1900–1904, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Sigmund og Torbjørn.

Ragnvald var mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ragnval.)