Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 29. desember 2023. Artikkelen endret 31 tegn fra forrige versjon.

Mikkel er eit mannsnamn som er norsk og dansk form av det hebraiske Mikael som tyder ‘Kven er som Gud?’.

Namnet har fleire variantar: Mikjel, Mikkel, Mikkjel.

Namnedag er 29. september. Mikael og Mikal har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Mikkel, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 4 399 menn i Noreg som hadde Mikkel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 174 gutar som fekk namnet Mikkel, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Nokre av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dei gjekk så tilbake før dei fekk ein ny toppfase på slutten av 1900 eller litt seinare. Dette gjeld til dømes Mikkel (av Mikael) som fekk ein ny topp etter 2010. Døme på å andre namn av denne typen med lydleg justering og liknande kurveprofil er Anders (av Andreas), Bent (av Benedikt), Lars (av Laurentius) og Mads (av Mathias).

Mikkel var mest brukt i Hordaland og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Michel.)