Eggert er eit tysk mannsnamn som går tilbake til Ecke-hard. Forleddet tyder ‘(sverd)egg; respekt’ og etterleddet ‘hard’.
Kjende personar med namnet Eggert
Eit utval personar med namnet Eggert, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Eggert Frille (1400–1470)
- Eggert Munch (1686–1764)
- Eggert Ólafsson (1726–1768)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Eggert som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.