Åsleik er eit nylaga mannsnamn. Ås- kan vere tatt frå Åsmund og -leik frå Gunnleik.
Åsleik svarer historisk til Aslak som kjem av norrønt Ásleikr.
Personar med namnet Åsleik
Kulturell bruk
- Åsleik er ein skikkelse i «Kveldsvævd» (2014) av Jon Fosse.
Kjende personar med namnet Åsleik
Eksempel på ein person med namnet Åsleik som er omtalt i Store norske leksikon:
- Åsleik Engmark (1965–2017)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det under 5 menn (fødde i Noreg) som hadde Åsleik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.