Thomas er eit mannsnamn i gresk og latin. Namnet går tilbake til hebraisk Toma som tyder ‘tvilling’.
Namnet har fleire variantar: Thomas, Thommas, Tomas, Tommas.
Kjende personar med namnet Thomas
Eit utval personar med namnet Thomas, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Thomas Aquinas (1225–1274)
- Thomas Hobbes (1588–1679)
- Thomas Kingo (1634–1703)
- Thomas von Westen (1682–1727)
- Thomas Jefferson (1743–1826)
- Thomas Malthus (1766–1834)
- Thomas Alva Edison (1847–1931)
- Thomas Kuhn (1922–1996)
- Thomas Bernhard (1931–1989)
- Thomas Hylland Eriksen (1962)
- Thomas Enger (1973)
- Thomas Bergersen (1980)
Namnestatistikk
I 2022 var det 24 552 menn i Noreg som hadde Thomas som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Thomas var det sjuande mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 56 gutar som fekk namnet Thomas.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Tomas og Thomas slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tomas og Thomas var noko brukte i siste halvdel av 1800-talet og fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. Det same gjeld Simon. Dette står i motsetning til fleire bibelske namn med to toppfasar, til dømes Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Isak og Jakob. Denne gruppa hadde nemleg den fyrste toppfasen tidleg på 1800-talet, ikkje i siste halvdel av 1800-talet som Tomas og Thomas. Den internasjonale stavemåten Thomas har sidan år 1900 vore brukt 10 gongar så mykje som Tomas, som er den forma som står i den norske bibelen.