Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 361 tegn fra forrige versjon.

Steffen er eit mannsnamn som er dansk (og nedertysk) form av Stefan og lenger bak Stephanus, eit latinsk mannsnamn med opphav i det greske Stephanos som tyder ‘krans, krone’.

Namnedag er 26. desember. Stefan har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Steffen, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 3 802 menn i Noreg som hadde Steffen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 gutar som fekk namnet Steffen.

Steffen, som er justert form av det innlånte Stefan, har sidan år 1900 vore tre gongar så mykje brukt som Stefan. Steffen var på topp 1990–94.

Steffen var mest brukt i Hordaland.