Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 686 tegn fra forrige versjon.

Richard er eit tysk mannsnamn. Forleddet tyder ‘mektig’ og etterleddet ‘hard’.

Namnet har fleire variantar: Ricard, Richard, Richardt, Richart, Rickard, Rikard, Rikart, Rikhard.

Eit utval personar med namnet Richard, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 3 153 menn i Noreg som hadde Richard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 gutar som fekk namnet Richard.

Sjølv om Richard har tysk opphav, blir det i dag oftast assosiert med anglo-amerikansk kultur, til dømes menn som Richard Nixon og Richard Gere. Mens det er svært få tyske namn som har hatt toppfasen sin i 1970- og 1980-åra, gjeld dette ikkje Robert (på topp 1975–1984). Døme på engelske namn som var på topp på denne tida, er Ronny, Tommy, Ken, Kent, Kenneth, Kim, Glenn og Kim. Forma Rikhard har for få belegg til å bli representert i med kurve.