Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 688 tegn fra forrige versjon.

Reidar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne (H)reið-arr. Namn som byrjar på Reid-, går tilbake til det norrøne ordet hreiðr som tyder ‘reir’. I namn kan forleddet Reid- truleg omsetjast med ‘hus’. Det er usikkert kva -ar tyder i Reidar.

Namnet har fleire variantar: Reiar, Reidar, Reier.

Namnedag er 28. juli. Reidun har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Reidar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 5 097 menn i Noreg som hadde Reidar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Reidar var på topp 1905–1924. Døme på andre namn på -ar som hadde toppfasen sin i fyrste halvdel av 1900-talet, er Gunnar, Einar, Idar, Agnar, Ingar, Ingvar, Yngvar, Magnar, Ottar og Ragnar.

Reidar var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Rejdar.)

  • Fredriksson, Ingwar 196: [Svenska personnamnsstudier]. Acta Universitatis Upsaliensis. Studia Philologiae Scandinavicae Upsaliensia 2. Stockholm–Göteborg–Uppsala.