Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 16 tegn fra forrige versjon.

Morits er eit mannsnamn som er norsk stavemåte av tysk Moritz som kjem av Maurits med opphav i det latinske Mauritius av Maurus, eit tilnamn på ein mann som kom frå Mauretania i Nord-Afrika.

Mauretania svarer til dagens Marokko.

Namnet har fleire variantar: Morits, Moritz, Morris.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Morits som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.