Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 120 tegn fra forrige versjon.

Michal er eit mannsnamn. Det er ein variant av det hebraiske Mikael som tyder ‘Kven er som Gud?’.

Namnet har fleire variantar: Micael, Michael, Michal, Mickael, Mikael, Mikal, Mikkal.

Eit utval personar med namnet Michal, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 2 194 menn i Noreg som hadde Michal som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Michal i perioden 1900–2017, var det 67 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Michal. Dette inneber at 33 prosent hadde Michal som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.