Matthias er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Mathias som – til liks med Matheus – går tilbake til det hebraiske Mattitja som tyder ‘Guds gåve’. Dei har gått ulike utviklingsvegar frå det hebraiske utgangspunktet, og dette har resultert i to ulike former: Mathias (gresk) og Matheus (latin).
Namnet har fleire variantar: Mathias, Matias, Matthias, Mattias.
Kjende personar med namnet Matthias
Eit utval personar med namnet Matthias, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Matthias Grünewald (1480–1528)
- Matthias (tysk-romersk keiser) (1557–1619)
- Matthias Moth (1649–1719)
- Matthias Krogh (1754–1828)
- Matthias Conrad Peterson (1761–1833)
- Matthias Jacob Schleiden (1804–1881)
- Niels Matthias Aalholm (1811–1894)
- Hans Ross (1833–1914)
- Matthías Jochumsson (1835–1920)
- Matthias Erzberger (1875–1921)
Namnestatistikk
I 2022 var det 311 menn i Noreg som hadde Matthias som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.