Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 103 tegn fra forrige versjon.

Kennet er ein stavemåte av Kenneth, eit skotsk mannsnamn som kan gå tilbake til to forskjellige namn: 1. Cinead med tydinga ‘fødd av elden’ 2. Cainnech som tyder ‘vakker’.

Namnet har fleire variantar: Kennet, Kenneth.

Namnedag er 11. oktober. Kent og Kevin har også namnedag denne dagen.

I 2022 var det 286 menn i Noreg som hadde Kennet som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.