Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 479 tegn fra forrige versjon.

Hugo er eit mannsnamn som er tysk kortform av samansette namn på Hug-. Dette leddet tyder ‘tanke, hug’.

Namnedag er 17. november. Hauk og Hogne har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Hugo, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 1 643 menn i Noreg som hadde Hugo som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 48 gutar som fekk namnet Hugo.

Kurveprofilen til Hugo avvik frå dei andre tyske namna. Namnet hadde fyrst ein toppfase i perioden 1950–1969, deretter frå 2015.

Hugo var mest brukt i Kristiania og Bergen.