Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 210 tegn fra forrige versjon.

Gullak er eit mannsnamn. Det er ein variant av Gudleik som kjem av det norrøne Guð-leikr der forleddet tyder ‘gud’ og etterleddet ‘kamp’.

Namnet har fleire variantar: Gudleik, Gullak, Gulleik, Gullik.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Gullak som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Gullak var klart mest brukt i Hordaland og Sogn og Fjordane. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Gulak.)