Frederic er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Frederik som går tilbake til gammalhøgtysk Frithu-ric. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘fred’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.
Namnet har fleire variantar: Frederic, Frederick, Frederik, Fredric, Fredrich, Fredrick, Fredrik.
Kjende personar med namnet Frederic
Eit utval personar med namnet Frederic, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Frédéric Chopin (1810–1849)
- Frederic Law Olmsted (1822–1903)
- Frédéric Passy (1822–1912)
- Frédéric Mistral (1830–1914)
- Frédéric Auguste Bartholdi (1834–1904)
- Frédéric Bazille (1841–1870)
- Jean Frédéric Joliot (1900–1958)
- B.F. Skinner (1904–1990)
- Frédéric Beigbeder (1965)
- Frederic Hauge (1965)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 menn (fødde i Noreg) som hadde Frederic som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.