Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 20 tegn fra forrige versjon.

Ditlev er eit mannsnamn som via det tyske Ditlef går tilbake til ei eldre form Diet-leib der forleddet tyder ‘folk’ og etterleddet ‘arving’.

Leddet -lev er same ledd som -leiv og -leif (Torleiv og Torleif). Dette -lev har vi også i verbet levne i bokmål.

Namnet har fleire variantar: Ditlef, Ditleif, Ditlev, Ditløv.

Eit utval personar med namnet Ditlev, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Ditlev som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Ditlev i perioden 1900–2017, var det 72 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Ditlev. Dette inneber at 28 prosent hadde Ditlev som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.