Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Cedric er eit engelsk mannsnamn som har vorte oppfatta som ein variant av Cerdic. Det er usikkert kva namnet tyder.

I Cedric er den opphavlege konsonantrekkjefølgja [rd] omsnudd til [dr]. Ifølgje tradisjonen grunnla Cedric kongedømmet Wessex.

Namnet har fleire variantar: Cedric, Cedrik.

  • Cedrik er far til Ivanhoe i boka «Ivanhoe» (1819). Namnet er tatt i bruk av Walter Scott, forfattaren av denne boka.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Cedric som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.