Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 100 tegn fra forrige versjon.

Andrei er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av det russiske Andrej som går tilbake til det greske Andreas med tydinga ‘mandig, tapper’.

Namnet har fleire variantar: Andrei, Andrej.

Eit utval personar med namnet Andrei, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 471 menn i Noreg som hadde Andrei som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.