Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 574 tegn fra forrige versjon.

Adrian er eit mannsnamn som kjem av det latinske namnet Hadrianus. Det tydde opphavleg ‘mann frå byen Hadria’ (Nord-Italia).

Familien til den romerske keisaren Hadrian (76–138) kom frå byen Hadria.

Namnedag er 4. mars. Ada har også namnedag denne dagen.

  • Adrian i «Jan van Huysums blomsterstykke» (1840) av Henrik Wergeland.
  • TV-serien om Adrian Mole (1985–1987) er basert på to bøker av Sue Townsend.

Eit utval personar med namnet Adrian, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 10 495 menn i Noreg som hadde Adrian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Adrian var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 111 gutar som fekk namnet Adrian.

I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar, til dømes Adrian. Dette gjeld dessutan namn som Fabian, Julian, Kristoffer, Leander, Marius, Nikolai og Teodor. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000.