Christopher er eit mannsnamn som kjem av det greske Christo-phoros med tydinga ‘Kristus-berar’.
Namnet har fleire variantar: Kristoffer, Cristoffer, Christofer, Kristopher, Cristopher, Christoffer, Kristofer, Christopher.
Kjende personar med namnet Christopher
Eit utval personar med namnet Christopher, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Christopher Marlowe (1564–1593)
- Christopher Wren (1632–1723)
- Christopher Hansteen – norsk fysiker og astronom (1784–1873)
- Christopher Columbus Andrews (1829–1922)
- Christopher Arnt Bruun (1839–1920)
- Christopher Knag (1855–1942)
- Christopher Hornsrud (1859–1960)
- Christopher Isherwood (1904–1986)
- Christopher Small (1927–2011)
- Christopher Nielsen (1963)
- Christopher Paul O’Neill (1974)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 2700 menn (fødde i Noreg) som hadde Christopher som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.