Reidar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne (H)reið-arr. Namn som byrjar på Reid-, går tilbake til det norrøne ordet hreiðr som tyder ‘reir’. I namn kan forleddet Reid- truleg omsetjast med ‘hus’. Det er usikkert kva -ar tyder i Reidar.
Namnet har fleire variantar: Reidar, Reier, Reiar.
Namnedag er 28. juli. Reidun har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Reidar
Eit utval personar med namnet Reidar, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Reidar Thommessen (1889–1986)
- Reidar Holtermann (1895–1966)
- Reidar Aulie (1904–1977)
- Reidar Kvammen (1914–1998)
- Reidar Myhre (1917–2005)
- Reidar Andreassen (1932)
- Reidar Hjermstad (1937)
- Kåre Reidar Aas (1955)
- Reidar Sørensen (1956)
- Kurt Foss og Reidar Bøe
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 16500 menn (fødde i Noreg) som hadde Reidar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Fredriksson, Ingwar 196: [Svenska personnamnsstudier]. Acta Universitatis Upsaliensis. Studia Philologiae Scandinavicae Upsaliensia 2. Stockholm–Göteborg–Uppsala.