Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Sverdrup er eit mannsnamn som via slektsnamnet Sverdrup går tilbake til ein landsby i Sørvestjylland: Sver-drup. Forleddet tyder ‘grasmark’ og etterleddet ‘torp’. Etterleddet -svær i ordet grøn-svær svarer til forleddet i Sver-drup.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Eit utval personar med namnet Sverdrup, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Sverdrup som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Sverdrup i perioden 1900–2017, var det 66 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Sverdrup. Dette inneber at 34 prosent hadde Sverdrup som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.