Rognald er ein variant av mannsnamnet Ragnvald som går tilbake til det norrøne Ragn-valdr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘herskar’. Rognald har særleg vore brukt på Vestlandet.
Namnet har fleire variantar: Ragnvald, Rangvald, Rognald.
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Rognald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.