Renato er eit italiensk og spansk mannsnamn av latin Renatus av renatus som tyder ‘fødd på ny’.
Namnet Renatus vart bore av dei fyrste kristne for å markere at dei var åndeleg fødde på ny i trua på Kristus.
Kjende personar med namnet Renato
Eit utval personar med namnet Renato, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Renato Fasano (1902–1979)
- Renato Birolli (1906–1959)
- Renato Guttuso (1912–1987)
- Renato Castellani (1913–1985)
- Renato Dulbecco (1914–2012)
- Renato Ruggiero (1930–2013)
- Renato Sanches (1997)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Renato som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.