Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Matias er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Mathias som – til liks med Matheus – går tilbake til det hebraiske Mattitja som tyder ‘Guds gåve’. Dei har gått ulike utviklingsvegar frå det hebraiske utgangspunktet, og dette har resultert i to ulike former: Mathias (gresk) og Matheus (latin).

Namnet har fleire variantar: Matias, Matthias, Mattias, Mathias.

Eit utval personar med namnet Matias, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1500 menn (fødde i Noreg) som hadde Matias som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.