Margido er eit mannsnamn som truleg er avleidd av kvinnenamn som Margrete og Marie.
Personar med namnet Margido
Fyrste namneberar
I 1837 var det to trøndergutar som fekk det nye førenamnet Margido. Den eine, fødd i Trondheim, heitte Joachim Margido Lind. Han vart telegrafist. Den andre kom til verda i Frøya: Johan Margido Borthen. Han vart fiskeeksportør.
Kulturell bruk
- Revyvisa «Alexander og Margido» (Studentersamfundet i Trondheim i 1929).
- Margido Neshov i «Berlinerpoplene» (2004) av Anne B. Ragde.
Kjende personar med namnet Margido
Eksempel på ein person med namnet Margido som er omtalt i Store norske leksikon:
- Jakob Margido Esp (1943)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 menn (fødde i Noreg) som hadde Margido som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Margido i perioden 1900–2017, var det 95 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Margido. Dette inneber at 5 prosent hadde Margido som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer 1990: «Alexander var den enes navn, den annens var Margido.» [Talatrosten].