Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Marelius er eit mannsnamn som er kjent sidan 1830. Det er avleidd med suffikset -[us] av kvinnenamnet Marie.

Lyden [l] er sett inn for å unngå samanstøyt av tre vokalar. Eit potensielt *Marieus har altså vorte til Marelius etter innsetting av [l].

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Marelius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Marelius i perioden 1900–2017, var det 91 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Marelius. Dette inneber at 9 prosent hadde Marelius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

  • Alhaug, Gulbrand 1985: Noen trekk ved fornamna i Nord-Noreg. Studia anthroponymica Scandinavica 3.