Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Leopold er eit tysk mannsnamn som går tilbake til Luit-bald. Forleddet tyder ‘folk’ og etterleddet ‘dristig’.

Det opphavlege etterleddet -bald er det same som ‘bold’ i bokmål. Luit-, som svarer til Leute i tysk (med tydinga ‘folk’), har vorte omtolka til Leo- som tyder ‘løve’ i latin.

Eit utval personar med namnet Leopold, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 menn (fødde i Noreg) som hadde Leopold som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Leopold i perioden 1900–2017, var det 64 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Leopold. Dette inneber at 36 prosent hadde Leopold som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.