Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Kastor er eit gresk mannsnamn som truleg tyder ‘framståande’. Namnet kan også vere laga på norsk grunn, til dømes med Kas- frå Kasper og -tor frå Haftor.

Den fyrste som vart registrert med namnet, var adjunkt ved «Arendals høiere Almenskole», Odin Kastor Augdahl, fødd 1853 i Åsen (Nord-Trøndelag).

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Kastor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.