Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Ingmar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ingi-marr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘berømt’.

Namnet har vore svært vanleg i Sverige.

Namnet har fleire variantar: Ingemar, Ingmar.

  • Selma Lagerlöfs roman «Jerusalem» (1901–1902) om Ingmarssønene frå Dalarne gjorde namna Ingemar og Ingmar populære i Sverige.

Eit utval personar med namnet Ingmar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 420 menn (fødde i Noreg) som hadde Ingmar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.