Versj. 3
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 26. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Askill er eit mannsnamn. Det er ein variant av Askjell som går tilbake til det norrøne Ás-kell. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘hjelm; offerkjele’.

Namnet svarer til svensk Eskil og dansk Eskild.

Namnet har fleire variantar: Askild, Askill, Askel, Askjell, Askil.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Askill som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.