Versj. 11
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 11. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Agnar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Agn-arr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(sverd)egg’ og etterleddet ‘krigar’.

Namnet har fleire variantar: Agnar, Agner.

Namnedag er 21. juni. Ahmed og Annar har også namnedag denne dagen.

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var kontorist Agnar Salvesen fødd 1867 i Stavanger, busett i Bergen i 1900.

Eit utval personar med namnet Agnar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1800 menn (fødde i Noreg) som hadde Agnar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.