Ein dal er ein langstrakt fordjuping i jordskorpa. Den består i hovudsak av to delar; dalbotn og dalside. Saman utgjer dette dalføret som eit naturleg dreneringsområde vil famne om. Dalen er enten danna ved at jordoverflata er utgraven av rennande vatn (til dømes elver) eller brear (erosjonsdalar), eller ved bevegelsar og sprekkdanningar i jordskorpa (brot- og sprekkdalar).
Tverrsnittet og forma til dalane avhenger av bergartane sin motstandsevne og av utgravingas alder og art. Dersom dalen er vesentleg greven ut av rennande vann (fluvial erosjon), vil den ha eit V-forma tverrsnitt. I ein bre-utforma dal er tverrsnittet meir likt ein U, og i lengderetninga finn basseng med brattare avsatsar, der det blir innsjøar med stryk eller fossar imellom. I verda er Grand Canyon eit berømt døme på V-dal, medan vi i Norge finn store dalføre, med utprega U-dal, som Gudbrandsdalen, Hallingdal og Numedal.
Brot og sprekkdalar kjenneteiknast ved at retninga på dalen reflektera berggrunnsgeologien. Orienteringa til dalen er påverka av strukturgeologien i området, og følgjer hovudstrøkretninga til foldesona eller forkastinga då det her er meir utsett for erosjon frå rennande vatn.
Hengande dal
Sidedalane til ein U-dal munnar ofte ut høgt over botnen av hovuddalen, såkalla «hengende dalar». Dette er eit resultat av breerosjonen er kraftigare i hovuddalen enn sidedalen, og vert dermed hengane etter. Sanddalen i Vang kommune er eit døme på ein typisk hengande dal.
Agnordal
Agnordalar finn vi dømer på Hardangervidda (Eitro), Romsdalen (Vermadalføret) og ved Nærøyfjorden i Sogn (Jordalen). Desse kjenneteiknast med at elva i sidedalar renn i nær motsett retning til elva i hovuddalen. Agnordalar dannast når yngre dalføre fangar opp eldre dalføre og endrar dreneringsretninga (elvetjuveri).
Les meir i Store norske leksikon