Versj. 1
Denne versjonen ble sendt inn av Jon Grepstad 18. april 2022. Den ble godkjent av Erik Bolstad 18. april 2022. Artikkelen endret 4067 tegn.

Administrasjonsspråket er den målforma ein kommune eller fylkeskommune vedtek å bruke i sin eigen administrasjon. Nemninga må skiljast frå «tenestemål», som er knytt til statsorgan.

Bruken av bokmål og nynorsk i administrasjonen til ein kommune eller fylkeskommune er ikkje regulert ved lov eller forskrift. Administrasjonsspråket vert fastsett ved vedtak i kommunen eller fylkeskommunen. Det kan òg gjerast nærmare vedtak om korleis administrasjonsspråket skal praktiserast. Etter mållova § 5 kan ein kommune gjere vedtak om å krevje bokmål eller nynorsk i skriv frå statsorgan. Det er oftast, men ikkje alltid, samsvar mellom administrasjonsspråket og den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje etter § 5 i mållova. Nemninga «administrasjonsspråk» vert stundom forveksla med «tenestemål». «Tenestemål» er ei nemning frå forskrift om målbruk i offentleg teneste og gjeld lokale og regionale statsorgan. Tenestemålet er hovudmålforma til eit lokalt eller regionalt statsorgan og skal nyttast i rundskriv, kunngjeringar og informasjonsmateriell som desse statsorgana lagar. I og med at vedtak om kommunalt administrasjonsmål ikkje er vedtak etter mållova, gjeld ikkje klagereglane i mållova. Klager over målbruk i kommunar og fylkeskommunar må rettast til kommunen eller fylkeskommunen. Oslo – eit døme Oslo er ein kommune der det ikkje er samsvar mellom tenestemål og administrasjonsspråk. Etter mållova § 5 er Oslo språkleg nøytral, det vil seie at kommunen ikkje krev ei bestemt målform i skriv frå staten. For hovudstaden i eit land der det er lovfest at bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige målformer, ville det òg vere underleg ikkje å vere språkleg nøytral. Men Oslo har bokmål som administrasjonsspråk. Det er vedteke av formannsskapet 5. mai 1977 etter tilråding frå finansrådmannen og finansutvalet. Vedtaket er seinare kommentert og presisert, mellom anna av kulturrådmannen og formannsskapet i 1983: At bokmål skal vere administrasjonsspråk, gjeld skriftleg språkbruk. I munnleg framstilling står dei tilsette fritt. Tillitsfolk i kommunen kan velje både skriftleg og munnleg målform. Tenestemenn har vidare ikkje plikt til å skrive nynorsk i svar på brev på nynorsk frå organisasjonar og einskildpersonar. Reglar for kommunar og fylkeskommunar? Då mållova vart revidert i 1980, vart det eit stykke på veg vurdert om mållova burde ha nærmare reglar for kommunar og fylkeskommunar. I proposisjonen der lova vart lagd fram, Ot.prp. nr. 52 (1978–79), konkluderte departementet: «Departementet finn i dag ikkje grunnlag for å gi reglar for kommunal og fylkeskommunal teneste.» I 1999 oppnemnde Kulturdepartementet ei arbeidsgruppe som skulle vurdere verkeområdet for mållova. Arbeidsgruppa skulle òg «vurdere om det bør vere nærmare reglar for målbruk også for kommunar og fylkeskommunar, og i tilfelle kva innhald og verkeområde slike reglar bør ha». Arbeidsgruppa, som hadde professor Kåre Lilleholt som leiar, var skeptisk til å gi reglar for informasjonstilfang, men var open for at det kunne vere aktuelt å gi reglar for kommunale skjema og faste formular, til dømes vitnemål. I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining , den såkalla språkmeldinga, som vart behandla av Stortinget våren 2009, uttaler regjeringa at det bør vurderast om det er tenleg å gi visse reglar også for målbruken i kommunar og fylkeskommunar. Slike reglar kan eventuelt utformast som rettleiande retningslinjer, heiter det i meldinga. Kjelder Sigve Gramstad og Kåre Lilleholt: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar . Oslo 1983 Kulturdepartementet: Målbruk i offentleg teneste. Reglar og råd . Oslo 1995 Kåre Lilleholt: «Målbruk i arbeidslivet. Om retten til å bruke dialekt og nynorsk», Mål og makt 1/1979 Kåre Lilleholt, Torunn Hovde Kaasa, Atle Faye, Mimi Berdal: Verkeområdet for mållova . Rapport frå arbeidsgruppe oppnemnd av Kulturdepartementet. Oslo 2000 Oslo kommune, Byrådet: Språktips – en veiledning i korrekt språk . Oslo 2007 St.meld. nr. 35 (2007–2008): Mål og meining

Først publisert: 19.03.2010Sist oppdatert: 07.08.2019