FRÅ ALLKUNNE:
Jon Norstog, diktar og målmann i det norskspråklege Amerika, der han fekk tilnamnet «Gåta på prærien».
Jon Norstog var fødd i Høydalsmo, Vest-Telemark 15. oktober 1877 og døydde i Nord-Dakota, USA, 23. november 1942. Han gjekk lærarseminaret på Notodden i 1890-åra og blei prega av merkesakene der i den tida. Det var norskdom, kristendom og målsak. I 1902 reiste Norstog til Amerika, etter at han hadde gitt ut ei diktsamling som fekk dårlege kritikkar. I Amerika arbeidde Norstog først på garden til ein slektning, men byrja snart å skrive i ei norsk-amerikansk avis. Så starta han sitt eige vesle nynorske blad og kalla det Dølen – tidsskrift paa norsk maal . Bladet kom ut med berre få nummer i 1903/04, før det måtte gå inn. Ei stund arbeidde han som lærar, men han heldt fram med å skrive. Til saman gav Norstog ut 25 bøker, fire av dei kom ut i Noreg. Han skreiv i tillegg enkle forteljingar og dikt, men også skodespel med utgangspunkt i Det gamle testamentet. Norstog hadde problem med å finne forleggjar til bøkene sine, men løyste det ved å kjøpe si eiga presse, der han trykte og batt bøkene sjølv. Så reiste han omkring på prærien og selde bøkene. Slik fekk han namnet «Gåta på prærien». Norstog var kulturpolitisk svært konservativ. Han meinte at det var den gamle norrøne kulturen som var den einaste ekte norske kulturen, og han skreiv difor på forelda nynorsk. Politisk var han meir radikal. I slutten av trettiåra sympatiserte han med demokratane, og gjennom avisskriving hjelpte han til med å få ein norskætta guvernør i Nord-Dakota. Kjelder Arne Sunde: «Jon Norstog – telemarking, norskdomsforkjempar, bladmann og diktar i det norske Amerika», Telemark Historie 1987
--
var en norsk-amerikansk forfatter fra Telemark. Han debuterte med diktsamlingen Yggdrasil (1902, utgitt i Kristiania), som var skrevet på et dialektpreget nynorsk, i likhet med de fleste av hans senere arbeider.
Han emigrerte til USA i 1902, og utgav blant annet romanene Haakon Sollid (1906) og Ørnerud (1907). I 1912 kom Kain, det første av en rekke bibelske versdramaer, som alle er ordrike og preget av Norstogs billedskapende evne. Trolig inspirert av Ole Edvart Rølvaag gav han i perioden 1928–1931 ut den store trebinds romanen Exodus. Den eneste av de 26 bøkene hans som fikk en vid leserkrets, var diktsamlingen Tone (1913 og 1920).