Versj. 4
Denne versjonen ble publisert av Steinarr Sommerset 29. juni 2021. Artikkelen endret 18 tegn fra forrige versjon.

Vinskvetten er ei musikkgruppe frå Salhus utanfor Bergen med utbreidd konsert-, plate- og revyproduksjon sidan 1986. Vinskvettens varemerke er humor, strilekultur og striledialekt.

Namnet Vinskvetten (før Salhus Vinskvetten) er inspirert av vokalgruppa Salhuskvintetten, som var svært populær i 1950- og 1960-åra. Besetninga til gruppa har endra seg gjennom åra, men kjernen er musikarane Bjørn Jensen (frontfigur, vokal, gitar), Gunnar Låstad (bass), Arild Totland (trommer), Øyvind Østerbø (gitar), Jarle Farestveit (trekkspel).

Den fiktive bygda Råthåla, alias Salhus, er Vinskvettens univers, med tekstilindustri, ferjekai og strilekultur. Eit steinkast unna ligg Bergen by, med sin modernitet og tradisjonar for strileforakt. I dette spenningsfeltet utfaldar Vinskvetten ein grovkorna og sjølvutleverande humor, gjerne kledde i lusekufter og slips. På den eine sida karikerer Vinskvetten strilane, gjennom sjølvironi, men denne folkelege humortradisjonen handlar òg om kulturelt sjølvmedvit og ein opposisjon til dei urbane kulturelitane. Eliten sine standardar og verdiar blir suverent ignorerte av karar og kvinnfolk frå Råthåla.

Vinskvetten har gitt ut sju album, og tre av dei har selt til gullplate: Platå (1988), På helså laus (1991) og Rånnyen og kveitebollen (1997). Mange songar og revyfigurar lever etter gruppa, men over alle tronar «Ferjebillettøren». Peder'n, spela av Bjørn Jensen, insisterer på hovudrekning i alle situasjonar, og med denne figuren trefte Vinskvetten noko vestlendingar kjenner og liker.

Revyen «No kjem dei tre siste» (2008–2009) selde over 30 000 billettar, og framsyningane «Me gjer oss aldri» (2012) og «Mysteriet på Ullaloftet» (2019) var òg populære.

  • Ose, B. (1996): Helselaust. Historien om Salhusvinskvetten. Bergen: Eide