Versj. 2
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 9. juli 2020. Artikkelen endret 255 tegn fra forrige versjon.

Kalmar er eit mannsnamn som truleg kjem av det irske Calmar som er namnet på ein krigshelt i Ossian-songane (1760-åra).

Det svenske bynamnet Kalmar har ein annan bakgrunn.

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Kalmar Oskar Henck fødd 1850 i Trondheim.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Kalmar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Kalmar i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Kalmar. Dette inneber at 40 prosent hadde Kalmar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.