Willem er eit mannsnamn som kjem av det tyske Wil-helm. Forleddet tyder ‘vilje’ og etterleddet ‘hjelm.
I Willem har det skjedd lydlege endringar i etterleddet i og med at både [h] og [l] har falle bort.
Namnet har fleire variantar: Willem, Vilhelm, Wilhelm.
Kjende personar med namnet Willem
Eit utval personar med namnet Willem, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Willem Barentsz (1550–1597)
- Willem Jansz (1570–1628)
- Martinus Willem Beijerinck (1851–1931)
- Frederik Willem van Eeden (1860–1932)
- Willem Mengelberg (1871–1951)
- Willem de Kooning (1904–1997)
- Pieter Willem Botha (1916–2006)
- Frederik Willem de Klerk (1936)
- Willem-Alexander (1967)
- Willem Coucheron (–1689)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 menn (fødde i Noreg) som hadde Willem som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.