Rogeir er eit mannsnamn som kan førast tilbake til det norrøne (H)roð-geir. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ære’ og etterleddet ‘spyd’.
Namnet er tatt i bruk att i 1947, og på eit så seint tidspunkt kan det vere det engelske Roger som ligg til grunn for Rogeir. I så fall er -ger skifta ut med -geir.
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Rogeir som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.